Psykisk helsearbeid

Psykisk helse vaksne hadde 120 brukarar i 2017. Psykisk helse barn og unge fulgte opp 75 barn/familiar.

Giske kommune har lukkast i å rekruttere 2 psykologar til tenesta, dette styrkjer det fagleg tilbodet, tverrfaglege samarbeidet og det førebyggande arbeidet. Giske kommunestyre har vedtatt at psykisk helseteam barn og unge skal implementerast som fast teneste i 2018. Arbeidet i teamet har gitt positive resultat og lavterskeltilbodet har vist å vere svært viktig for å i møtekome det aukande behovet i kommunen. Tenesta har delvis nådd målet om samarbeid med omsorgstenesta om å styrkje den samla kompetansen i kommunen. Dette arbeidet fortset. Kommunen held fram prosjektet Framtidsretta rus- og psykiske helsetenester, prosjektslutt 2019. Retningslinjer til ØHD-tilbod rus og psykiatri er utarbeidd, men tilbodet er ikkje starta grunna bemanning. Det er bestemt at rustenesta skal flyttast frå NAV til eining Barn, familie og helse, vert utført i 2018. Tenesta merkar effekten av at helseføretaket begrensar oppdraget sitt, det har vore ei markant auke i tal brukarar til psykisk helseteam vaksne i 2017.