PPT

112 tilmeldte individsaker, 96 ferdigstilte sakkyndige rapportar. PPT har ei effektiv drift og det er stor tenesteproduksjon sett i høve til at kontoret ligg betydelig under talet på stillingar som kommunestyret har gjort vedtak om. Ein har ikkje nådd mål om å tilføre fleire årsverk til tenesta. Tenesta har stort sett klart å halde seg innan sakshandsamingsfristen på 6 mnd. Tenesta har arbeidd med systemretta tiltak i både skule og barnehage. Samarbeidet gjer at ein kjem tidlegare inn i sakene og det bidreg til at ein kan arbeide meir førebyggande og samanhengande. Tenesta har arbeidd med utviklingsarbeid kring barn med asperger syndrom. Tenesta har også nådd målet i utviklingsarbeid innan tidleg oppdaging og tildleg innsats ut frå eit tverrfagleg perspektiv. Målet er nådd om å sikre gode overgongsrutiner mellom barnehage og skule.