Barnevernstenesta

Barnevernstenesta fekk 116 meldingar, 10 av desse frå barnehage. 91 avslutta undersøkingar. 14 barn er under omsorg. Tal årsverk auka i 2017, noko som førte til at dei fleste undersøkingane vart behandla innan fristen. Tal fristbrot har gått ned frå 20% til om lag 2%. Eit betydeleg arbeid vart lagt ned for å førebu etablering og drift av felles barnevernvakt for kommunane Stranda, Sykkylven, Sula og Giske. Denne startar opp april-18. Barnevernvakta er viktig for å styrkje akuttfunksjon og beredskapsomsyn. Tenesta har fremja større grad av openheit om tenesta gjennom året. Tenesta har nådd mål om kompetanseheving innan endringsbasert tiltak t.d COS-P. Denne skal styrkje føresette i foreldrerolla. Psykisk helseteam er ein stor ressurs og er inne i fleire av sakene som kjem til barnevernet, både før og etter ei undersøkingssak. Samarbeid og heve kompetanse i andre tenester er viktige for å styrkje det totale tilbodet til barn og familien. Tenesta har hatt opplæring i bruk av Familieråd og metoden vert i dag nytta. Barnevernet har styrkja sitt repertoar og kvaliteten på hjelpetiltak med fleire varierte og skreddarsydde tiltak.

Giske Barnevernteneste Kommunestyremøtet 22 03 2018